Reise- og overnattingstips
Velkomen til gards! Her er våre beste tips til deg som kjem langveisfrå!<3
Reise:
Frå Bergen: Hurtigbåt fra Strandkaiterminalen til Rosendal. Frå Rosendal kan du ta vanleg rutebuss, sjekk tider og kjøp billett i skyss-appen.
Frå Stord: Hurtigbåt frå Leirvik (nattrutekaien) til Sunde. Derfrå går det rutebuss rett inn til Uskedalen! Sjekk tider og kjøp billett i skyss-appen.
Frå lokalområdet: Det går fleire lokale rutebussar, sjekk ditt næraste stopp og rutetider på skyss-appen eller skyss.no!
Elles er det enkelt å finne fram for deg som køyrer eigen bil eller båt. Plott Uskedalen inn på GPS-en og køyr i veg!
Parkering: Nede i bygda ved skulen eller Spar.
Båtplass: Ta kontakt med Uskedalen Båtlag.
Psssst! Me køyrer deg heim frå kl. 01:00 kvar festivaldag, heilt gratis!<3
Overnatting:
Camping: Me vil gjerne ha besøk av deg på festidalcampen! Den ligg midt i smørauga, og det er berre to minutt opp til konsertane. Me har tilgong til straum og vatn på camp, og oppstillingsplass for vogn og bubil. Definitivt den festligaste plassen å bu!
På Rabben Camping rett nede i bygda finn du også plass til bubil, telt og dessutan campinghytter. Det er få rom, så ver rask med bestillinga!
Om du vil ha litt meir komfort finst det hotell i Rosendal (Rosendal turisthotell og fjordhotell) og på Husnes. I Uskedalen kan me anbefale Solheim Turiststasjon, ein hyggeleg bed&breakfast. Her og er det lurt å vere tidleg ute!